Rett før sommarferien tok vi avskjed med han Harald som no har gått av med pensjon! «Det har vore sju fete år» som han sjølv seier. Harald har jobba her både som vaktmeister, lærar, og so har han dreve sommerkafeen. Harald kan alt! Vi kjem til å sakne han, hans tørre vitser og gode humør! Vi lurer også på kven no skal ete opp alle matrestane her på huset, kven som skal passe på strømforbruket og ta seg av tette sluker!
På hans siste arbeidsdag fór vi på Blåtur til Ona, der det vanka reker og trekkspel på kaia. På kvelden var det avskjedsmiddag på leirskulebryggja. Vi ønsker Harald lukke til med pensjonstilveret og håpar han vil stikke innom hjå oss på Bjørnsund av og til!
Kva Harald kjem til å bruke all fritid på? «Kjøre motorsykkel, bruke seilbåten meir, plukke bær, og kløyve ved!»