tørrfisk

Vi lagar tørrfisk!

Vi lagar tørrfisk!

Vi har prøvd oss på å lage tørrfisk i vinter. Å tørke fisken er rett og slett ein måte å ta vare på fisken på, og da treng ein verken salt eller fryseboks, berre kaldt vinterver og gjerne litt vind!

Kvar veke er elevane ute på havfiske, og i mars var det fin torsk å få. Til vanleg sløyer og fileterer vi fisken og leverer den på kjøkenet, men no gjorde vi slik:

  • Sløye: ta ut innvollene, men la hodet sitte på!
  • Flekke: skjær ut ryggbeinet
  • Svarthinna: bruk ullvotter og gni bort svarthinna
  • Vaske: skyll og vask fisken rein for blodrester
  • Knyt to og to fisk saman ved sporen
  • Heng over ein stokk på ein luftig stad

So er det berre å håpe på kaldt ver, og gjerne litt vind! Da tørker fisken bra. Det tok 4 -8 veker å tørke, avhengig av storleiken på fisken. Nå er fisken knallhard, og snart ferdigtørka! Og so har den fått skikkeleg «godlukt» – synes vi ;-D

Tørrfisk kan helde seg lenge, og den er sund og god! Vikingane laga tørrfisk, og dei hadde med seg tørrfisk når dei drog på tokt, den var lett å frakte, og dei kunne bruke den som handelsvare. Også allereie lenge før vikingtida laga dei tørrfisk i Noreg. Og vi gjer det framleis i dag. Mest nordpå, som for eksempel i Lofoten, men det går fint an å få til tørrfisk på Bjørnsund også, fann vi ut. Og, den er knakende god som snacks!

Tørrfisk i solnedgang
Posted by Lisanne de Blecourt in Aktuelt